(NPK-NTB): Kaldt og tørt vêr har ført til frykt for at vassmagasina ikkje skal fyllest opp. Dermed har kraftprisen auka med over 40 prosent.
14. september kosta straum for levering dei tre første månadene i 2017 knappe 24 øre per kilowattime – dette er ein nettopris før moms, straumavgift og nettleige. Denne grunnprisen var tysdag denne veka stige til nesten 35 øre – ein auke på nesten 46 prosent, skriv .
– Førebels har vi bra med vatn i magasina våre i Sør-Noreg. Men i Midt-Noreg er det mindre, og det same i Nord-Noreg. Og ikkje minst er det lite vatn i vassmagasina i Sverige, seier straumprisekspert John Brottemsmo. Han jobbar som kraftanalytikar i kraftmeklarselskapet Bergen Energi og fortel at prisauken blant anna kjem av frykt i marknaden for at månadene framover kan bli kalde og tørre.
Kraftmeteorolog Frode Håvik Korneliussen i StormGeo kan ikkje roe nervane hos krafthandlarane:
– Det har vore tørt no i heile oktober, og det ser ut til å bli nesten like tørt. Slår prognosane til, kan vi få ein rekordtørr oktober i store delar av landet, seier han. (©NPK)

Publisert: 19.10.2016 09:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43