Kort fortalt

Kraftig prisvekst

Høge energiprisar trekte prisveksten opp til 5,4 prosent.

10.05.2022

Konsumprisindeksen (KPI) steig 5,4 prosent frå april i fjor til april i år. Auka prisar på straum og drivstoff forklarer mykje av oppgangen, ifølgje SSB.

Prisane på elektrisitet inkludert nettleige steig 39,4 prosent frå april 2021 til april 2022. Tolvmånadersendringa er med dette høgare enn i mars då ho var på 23,8 prosent.

Frå mars til april steig prisane på elektrisitet inkludert nettleige med heile 14 prosent.

– Det er først og fremst auka prisar på straum og flybillettar som gjer at vi får denne auken i veksttakten, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB.

Frå mars til april i år steig prisane på straum og passasjertransport med fly med høvesvis 14 og 39 prosent. I same periode i fjor steig prisane på straum med 1,1 prosent, medan dei estimerte prisane på passasjertransport med fly steig med 6,9 prosent.

Auka prisar på matvarer bidrog også til å trekkje veksttakten opp i april.

– Matvareprisane steig med 1,0 prosent frå mars til april i år. I same periode i fjor var det eit moderat fall i desse prisane. Dei sterkare vekstratane frå mars til april i år samanlikna med i fjor gjer at 12-månedersendringa i KPI er større i april enn i mars, seier Kristiansen.

KPI justert for avgiftsendringar og energivarer, KPI-JAE steig med 2,6 prosent frå april 2021 til april 2022, opp frå 2,1 prosent i mars.

Forskjellen mellom endringane i KPI og KPI-JAE viser at avgiftsendringar og prisar på energivarer bidrog til å trekkje veksten i KPI opp med 2,8 prosentpoeng dei siste tolv månadene.

Publisert: 10.05.2022 09:40

Sist oppdatert: 10.05.2022 09:40