Kort fortalt

Kraftig resultatfall for Equinor

Svakare enn venta.

26.07.2023

(NPK-NTB): Equinor leverer eit justert driftsresultat før skatt på 7,54 milliardar dollar i andre kvartal, ned frå 17,59 milliardar dollar i same periode i fjor.

Det kjem fram i kvartalsrapporten som vart lagt fram onsdag morgon.

Beløpet svarer omtrent til 76 milliardar norske kroner etter dagens aksjekurs.

Det var på førehand venta eit justert resultat før skatt på 7,64 milliardar dollar i andre kvartal, ifølgje eit gjennomsnitt av estimat som Equinor sjølv har samla inn.

– Equinor leverte solid inntening i eit kvartal påverka av revisjonsstansar og ein nedgang i energiprisane frå ekstraordinære nivå i fjor, skriv konsernsjef Anders Opedal i Equinor i ei pressemelding.

– Auka produksjonskapasitet på Johan Sverdrup gav rekordproduksjon frå feltet. Produksjonen frå den internasjonale porteføljen var høg dette kvartalet. Vi fører vidare ein stor kapitaldistribusjon og forventar ein total distribusjon på 17 milliardar dollar i 2023, skriv Opedal vidare.

Til samanlikning leverte energiselskapet eit justert driftsresultat før skatt på 17,59 milliardar dollar i fjor. I første kvartal i år landa justert driftsresultat før skatt på 11,97 milliardar dollar.

Inntektene enda på 22,87 milliardar dollar, ned frå 36,46 milliardar dollar i andre kvartal i 2022.

Utbyttet blir behalde på 0,9 dollar per aksje, fordelt på 0,3 dollar i ordinært og 0,6 dollar i ekstraordinært utbytte.

Tilbakekjøpsprogrammet blir behalde på 1,67 milliardar dollar, og tredje transje av programmet startar 27. juli, blir det opplyst i pressemeldinga.

(©NPK)

Publisert: 26.07.2023 09:08

Sist oppdatert: 26.07.2023 09:08

Mer om