Talet på hotellovernattingar fall med heile 65 prosent i februar i forhold til same månad i fjor, trass i ein del karanteneovernattingar.
0,9 millionar overnattingar vart noterte hos hotell og andre som leiger ut senger. Det er 1,3 millionar færre enn same månad i fjor – like før pandemien kom. Reine karantenehotell er ikkje med i statistikken, men ein del karanteneovernattingar har SSB ikkje klart å skilje ut.
Norske overnattingar fall med 47 prosent, medan overnattingar blant utlendingar fall med 86 prosent.
I hyttegrender og vandrarheimar var det 40 prosent færre overnattingar, medan campingplassane heldt stand: Dei hadde ein nedgang på berre 6,6 prosent i februar. Verst gjekk det ut over byane og skisportsstadene.
Publisert: 26.03.2021 09:38
Sist oppdatert: 26.03.2021 09:39