Kredittkortbruken aukar samtidig som forbruksgjelda fell, ifølgje ferske tal frå Gjeldsregisteret.
Den samla forbruksgjelda til nordmenn fall med 0,6 milliardar kroner i mars, og er no på 153,2 milliardar kroner, som er eit rekordlågt nivå, skriv Finansavisen.
I første kvartal 2021 er den samla forbruksgjelda redusert med 7,8 milliardar kroner eller 4,8 prosent, viser ferske tal frå Gjeldsregisteret.
Men for første gong i år stig den ikkje-forfalne kredittkortgjelda, noko som kan indikere gryande optimisme og auka forbruk, melder Gjeldsregisteret.
Kredittkortgjelda er ein pulsmålar på samfunnsutviklinga, og ein auke på 1,4 milliardar til 18,9 milliardar i mars er ei interessant utvikling sett i lys av gjeldande covid-19-tiltak, meiner dagleg leiar Egil Årrestad i Gjeldsregisteret.
– Nedstengde kjøpesenter og varehus kan ha ført til endra kjøpemønster med meir netthandel betalt med kredittkort, seier han.
Publisert: 07.04.2021 09:56
Sist oppdatert: 07.04.2021 09:57