Kort fortalt

Krev billigare drivstoff

Fleire fylkespolitikarar frå regjeringspartia krev billigare drivstoffprisar.

NPK
08.06.2022

Dei vil ha avgiftsreduksjon.

Det melder NRK som har vore i kontakt med fleire fylkespolitikarar frå dei to regjeringspartia Sp og Ap.

– Dei er nøydde til å handle no. Ifølgje Finansdepartementet er det mellom fem og seks kroner i ulike avgifter dei kan vurdere. Vestland er det største verdiskapingsfylket i landet, og 90 prosent av all varetransport skjer på bil, så næringslivet her i fylket har kraftig reduserte marginar med dei dramatiske energiprisane, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland til NRK.

Også Erlend Herstad i Sogn og Fjordane Senterparti meiner at regjeringa må hjelpe dei næringane som slit mest som transport, fiskebåtar og maskinentreprenørar.

I tillegg melder leiaren i Troms Sp, fylkesleiaren i Buskerud Sp og fylkesleiaren i Akershus Sp at dei ønskjer avgiftstiltak frå regjeringa.

Dei fleste fylkestoppane i Arbeidarpartiet som NRK har vore i kontakt med, er ikkje samde, og støttar regjeringa. Unntaket er nestleiar i Finnmark Ap, Sigurd Kvammen Rafaelsen.

– Dette er noko ein må vurdere. Ei slik ordning må i så fall sikrast slik at ikkje eventuelle lettingar i avgifter berre kjem distributørane til gode.

Publisert: 08.06.2022 11:38

Sist oppdatert: 08.06.2022 11:39