Eigaren av tidlegare Kleven verftet, Tomislav Debeljak, har ikkje betalt dei kring 120 millionane han blei dømt til å erstatte tidlegare i år.
Det skriv Vikebladet.
Bustyrar Bjørn Åge Hamre seier til avisa at det ikkje er heilt uventa at den kroatiske forretningsmannen, ikkje har betalt.
– Vi veit at han sit på store verdiar, så no har vi engasjert advokatar i Kroatia som skal jobbe for å drive inn pengane. Dette kan vi gjere, sidan ein norsk dom kan inndrivast også i Kroatia, ifølgje Luganokvensjonen, seier Hamre til avisa.
Då saka gjekk for Gulating lagmannsrett hevda Debeljak sine advokatar at han gjekk på minsteløn i heimlandet og var forsørgjar for sju barn. Dei bad difor om at erstatningskravet blei lempa - eller redusert.
Konkursbuet sin advokat fortalde ei anna side av økonomien til forretningsmannnen og viste til at Div Group hadde levert eit konsernrekneskap for 2023 som viste netto verdiar for nær tre milliardar – som Debeljak eig halvparten av.
Dommen frå lagmannsretten var eit sviande nederlag for den tidlegare verftseigaren. Om pengane kjem inn er det mogleg at fleire lokale selskap som tapte pengar i konkursane får noko tilbake.
Publisert: 08.07.2025 15:07
Sist oppdatert: 08.07.2025 15:10






