Brunvoll volda foto ogne
SØKSMÅL: Brunvoll Volda er del av Brunvoll-konsernet med hovudkontor i Molde. No må selskapet møte i retten for å svare på søksmål. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Krev Brunvoll Volda for 42 mill.

Avviser søksmål frå tidlegare Siem Offshore.

16.10.2024

Sea1 Offshore Rederi As saksøkjer Brunvoll Volda for kring 42 millionar norske kroner for det meiner er mangelfull levering til to offshore-ship, ifølgje Sunnmørsposten.

Det går fram av sluttinnlegga til tvistesaka som skal starte i Møre og Romsdal tingrett 28. oktober. 

Saksøkjarane som tidlegare gjekk under namnet Siem Offshore Rederi, meiner Brunvoll Volda har handla grov aktlaust. 

Striden dreiar seg om ein leveranse av sokalla O-ringar som frå ein underleverandør av Brunvoll Volda som hadde ein anna hardheit enn det som var bestilt. Saksøkjarane meiner det gjorde dei ubrukelege.

Brunvoll Volda avviser at dei har ansvar for feilen og skuldar på underleverandør. Dei har ikkje innvendingar til storleiken på kravet, men meiner det er manglande årsakssamanheng bak kravet. 

Publisert: 16.10.2024 16:43

Sist oppdatert: 16.10.2024 16:43

Mer om