Kort fortalt

Krev kortbetaling for elbil-lading

Vil ikkje ha app- eller sms-betaling.

26.07.2021

Elbilforeininga krev at det blir innført kortbetaling på hurtigladestasjonar framfor app- og sms-betaling som i dag. Dei får støtte frå Forbrukarrådet.

I dag må ein betale via appen til ladetilbydaren, sms eller med ei ladebrikke. Det vil Elbilforeningen vil ha slutt på, seier Unni Berge, leiar for informasjon og samfunnskontakt, til NRK.

Ho får støtte av Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet. Ho seier at forbrukarar har rett til å velje korleis dei vil betale, og at dagens løysing gjer det vanskeleg å halde oversikt over både økonomien og personopplysningar.

Fleirtalet i transportkomiteen på Stortinget ønskjer kortbetaling i merknader til Nasjonal transportplan. Statssekretær Maren Hersleth Holsen (V) i Klima- og miljødepartementet vil ikkje seie om det blir eit krav.

Publisert: 26.07.2021 11:03

Sist oppdatert: 26.07.2021 11:05

Mer om