Kort fortalt

Krev null moms på sjømat

Må fjernast om forbruket skal auke.

29.07.2021

(NPK-NTB): Momsen på sjømat må fjernast dersom forbrukarane skal ete meir fisk, meiner bransjeorganisasjonen Sjømatbedriftene.

– Politikarane har gjort ei rekkje tiltak gjennom åra for å auke forbruket av fisk. Problemet er at dei aldri nemner det sterkaste tiltaket for å endre vanar, nemleg pris, seier administrerande direktør Robert Eriksson i Sjømatbedriftene, ein arbeidsgivar- og næringsorganisasjon for sjømatnæringa.

Han viser mellom anna til ein intensjonsavtale regjeringa inngjekk med daglegvarebransjen og næringsorganisasjonar i 2017, og som vart forlengt i vår.

Blant måla i avtalen er at inntaket av sunne matvarer som grønsaker, frukt og sjømat skal aukast med 20 prosent innan utgangen av 2021.

Eriksson meiner at dagens politikk på området er full av «svada og lykkynskingar». Han er mellom anna kritisk til at regjeringa har fjerna sukkeravgifta.

– Det er betre å kutte prisen på sunne matvarer enn å auke prisen på usunne. Men her til lands gjer vi altså det motsette, vi senkar prisen på sukkerhaldige varer, seier han.

Eriksson vart i 2005 valt inn på Stortinget for Frp og var i 2013 til 2015 arbeidsminister.

(©NPK)

Publisert: 29.07.2021 16:05

Sist oppdatert: 29.07.2021 16:08

Mer om