NPK-NTB-Marius Helge Larsen: No tvingar stortingsfleirtalet regjeringa til å berekne prislappen på nytt.
– Det er ingen løyndom at det er ei førebels berekning av at sekundær-reinsekravet kan koste 30–50 milliardar kroner. Spreier du det over ein tiårsperiode, så vil det vere i storleiksorden 3–5 milliardar kroner meir i året, men som sjølvsagt òg gir ein miljøgevinst for Noreg, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) da den tikkande utgiftsbomba vart diskutert i Stortinget fredag.
Nye krav fører til at vass- og avløpsanlegg over heile landet må oppgraderast, og rekninga endar til slutt hos hushalda som vass- og avlaupsavgift.
No er eit fleirtal på Stortinget beståande av Frp, SV, Sp, Raudt, KrF og MDG einige om å tvinge regjeringa til gjennomføre ein ny kostnadsanalyse for innføringa av direktivet. Dei krev òg at det skal lagast ei oversikt over CO2-utslepp som vil komme på grunn av bygginga av nye anlegg, energibruken og kva konsekvensar det får i distrikta.
Saka skal opp til votering tysdag.
Frp, SV, SP, Raudt og KrF vil òg tvinge regjeringa til å truge EU med at Noreg vil bruke vetoretten i EØS-avtalen om det ikkje kjem enkelte tilpassingar eller unntak frå direktivet som kan gjere innføringa lettare for Noreg.
Dette får dei ikkje fleirtala for, MDG seier nemleg nei.
Publisert: 16.03.2026 12:21
Sist oppdatert: 16.03.2026 12:21





