Kort fortalt

Kril bremsar den globale oppvarminga

Må inn i klimamodellane.

09.11.2016
(NPK): Kril driv i fred og ro med karbonfangst og -lagring, syner forsking ved Universitetet i Oslo.
I Oslofjorden kan forskarane studere oseanisk fauna – som til dømes kril – på ein enkel måte. Ved å plassere eit ekkolodd på botnen av fjorden, har dei for første gong fått både bilete og data som i detalj syner korleis krilen bidreg til å halde den biologiske karbonpumpa i gang, skriv .
Det gjer det vesle, rekeliknande krepsdyret ved å ete plankton og kvitte seg med avføring som søkk til botnen.
– Forskarar har rekna ut at krilen i verdshava til saman bidreg til å lagre så mykje CO2 på havbotnen at det må takast med i klimamodellane. Vårt vesle bidrag er å observere og dokumentere denne vertikale transporten direkte, seier professor Stein Kaartvedt ved Institutt for biovitskap på UiO.
Kril finst i enorme mengder i alle verdshava, og den et både plante- og dyreplankton. Når den karbonhaldige avføringa til krilen først har hamna på havbotnen, er det usannsynleg at den kan kome tilbake til atmosfæren igjen, meiner forskarar. (©NPK)

Publisert: 09.11.2016 14:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43