Kort fortalt

Krise for villaksen - Miljødirektoratet åtvarar

Alvorleg nedgang i bestanden.

NPK
26.06.2025

(NPK): 2024 var eit nedslåande år for villaksen. Aldri før er det registrert så få gytande laks i norske elver og aldri har laksefisket vore så strengt regulert som no.

Tal frå 2024 viser alvorleg nedgang i villaksbestanden, skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding. Direktoratet har no innført dei mest omfattande og strengaste reguleringane i laksefiskets historie.

– Vi har innført mange strenge reglar for kvar, når og kor mykje laks som kan fiskast, både i elv og sjø. Dette kan opplevast som inngripande for mange, men vi gjer det for å sikre villaksbestanden for framtida, seier direktør i Miljødirektoratet Hilde Singsaas i pressemeldinga.

Statens naturoppsyn (SNO) har tilsynsansvar og jobbar med å avdekkje ulovleg fiske over heile landet.

– Det er nedslåande å måtte konstatere at vi allereie har inndratt rundt 80 ulovleg sette garn i år. Dette er plyndring av ein nasjonalskatt som er meir sårbar enn nokosinne. Folka våre i SNO aukar innsatsen og vil slå hardt ned på ulovleg fiske med gebyr og politimeldingar gjennom sommaren, seier Singsaas.

Publisert: 26.06.2025 15:34

Sist oppdatert: 26.06.2025 15:34

Mer om