Kort fortalt

Krisepakke til oljenæringa vart milliardsluk

Fersk rapport har berekna prislappen.

07.05.2024

(NPK-NTB): Krisepakken som vart gitt til oljenæringa i pandemiåret 2020, førte til 68 milliardar kroner i tapte skatteinntekter, ifølgje ein fersk rapport.

– I ettertid verkar det som eit gedige sløseri med offentlege ressursar, seier generalsekretær Dagfinn Høybråten i Kirkens Nødhjelp til NRK.

Då oljeprisen stupte våren 2020, vart det bestemt at oljenæringa skulle få skattelette for å klare å halde hjula i gang. Fristen for å få prosjekt inn under den mellombelse skattepakken, var ved utgangen av 2022.

På oppdrag frå Kirkens Nødhjelp har konsulentselskapet Vista Analyse gjort ei berekning av kor høg prislappen vart for skattebetalarane. Rapporten konkluderer ifølgje NRK med at det totale inntektstapet er på 68 milliardar kroner.

Dei 68 milliardane er pengar oljeselskapa har fått i skattekutt for å gjere nye investeringar under eit spesielt gunstig skatteregime. Erna Solberg (H), som var statsminister då krisepakken vart innført, har tidlegare erkjent overfor NRK at pakken stimulerte for hardt.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland-Eriksen (Ap) peikar på at skattepakken vart gjennomført i ei svært usikker tid for oljenæringa.

Det er ikkje sløseri å sikre at vi har aktivitet – at vi unngår permitteringar. Men det er ingen tvil om at ein bør vere veldig varsam med å gjere mellombelse endringar i rammevilkår for ei næring, seier miljøministeren til NRK.

(©NPK)

Publisert: 07.05.2024 10:09

Sist oppdatert: 07.05.2024 10:09

Mer om