Kort fortalt

Kritikk av russiske seglasar

Los og stortingspolitikar meiner styresmaktene er naive.

NPK
21.04.2023

(NPK): Fleire russiske skip segler heilt lovleg langs kysten av Noreg. Det fører til krass kritikk frå los og stortingspolitikar Dagfinn Olsen (Frp).

– Russiske sjøfolk seier til oss når dei er på farleisprøve, at dei har fått beskjed frå russiske styresmakter om å gjera seg kjende på norskekysten, seier stortingsrepresentant Dagfinn Olsen til NRK.

Han er statslos av yrke, og meiner Noreg har vore naive som har tillate at 265 russiske statsborgarar har fått løyve til å segla langs norskekysten. Olsen seier losane ikkje berre har å losa skip trygt i hamn som oppgåve. Dei har òg plikt til å melda frå om dei ser noko dei meiner er mistenkeleg.

– Når me som losar stadig vekk opplever at folk tek bilde av ting, er det eit signal om at det er noko som skjer.

Ifylgje tal frå NRK er det flest russiske statsborgarar som har farleisbevis i norske farvatn. Dei neste på lista er 183 færøyingar, 140 svenskar og 130 danskar.

– Det gjer at me blir opne og sårbare. Me har liten kontroll over kven som bevegar seg opp og ned langs kysten, og kva dei faktisk gjer på, seier forskar ved Sjøkrigsskulen i Bergen Ståle Ulriksen.

Han trur Russland utnyttar at dei ikkje treng å ha norske statslosar om bord i skipa sine. Ei kartlegging frå NRK og dei andre allmennkringkastarane i Norden viser at minst 50 skip har hatt høve til å samla informasjon i skjul i minst ti år.

(©NPK)

Publisert: 21.04.2023 12:30

Sist oppdatert: 21.04.2023 12:30

Mer om