Kort fortalt

Kritikk etter at fiskar omkom

Vil skjerpe kontrollen med små fiskebåtar.

01.02.2022

Statens havarikommisjon kjem med kritikk etter at ein fiskar omkom og etterlyser tilsyn med båtar som ikkje oppfyller tryggleikskrava, ifølgje NRK Møre og Romsdal.

Fiskaren ble funne omkomen vest for Ålesund 21. februar i fjor. Mannen hamna truleg i sjøen då han skulle dra teiner – men hadde lita eller inga moglegheit til å berge seg om bord i fiskefartøyet att, konkluderer Statens havarikommisjon i sin rapport.

Årsaka er at det ikkje fanst nokon leider frå fartøyet.

Havarikommisjonen fryktar fleire ulukker fordi verken Sjøfartsdirektoratet og Fiskeridirektoratet fører god nok kontroll med desse mindre fartøya.

Sjøfartsdirektoratet vil gå gjennom tilrådingane frå kommisjonen og er i dialog med Fiskeridirektoratet for å sjå korleis ein dei betre kan kontrollere dei minste fartøya.

Publisert: 01.02.2022 16:53

Sist oppdatert: 01.02.2022 16:54

Mer om