Kort fortalt

Kritiserer prisauke hos matkjedene

Mat- og landbruksminister Sandra Borch (Sp) meiner daglegvarekjedene har sett opp prisen på fleire matvarer meir enn det er grunnlag for.

17.10.2022

Ein auke i matprisane på 12 prosent er ifølgje Statistisk sentralbyrå den viktigaste årsaka til at årsinflasjonen låg på 6,9 prosent i september. Statsråd Borch meiner kjedene har sett opp prisane meir enn nødvendig på ein del matvarer, skriv Dagens Næringsliv.

– Matrekninga er no veldig krevjande for mange hushald. Vi opplever sterkare prisvekst på matvarer enn på fleire tiår, og vi ser dessverre døme på prisaukar som er vanskeleg å forklare, seier ho.

– Eg forventar at daglegvarekjedene viser ansvar og ikkje aukar prisane meir enn kostnadene tilseier.

Borch brukar smør som døme og seier at prisen bonden får for mjølka har auka med 6 prosent, medan prisen i butikk har vorte nesten 22 prosent høgare.

Kjedene påpeikar på si side at det ikkje berre er råvarekostnadene som har auka.

– I tillegg til tidenes høgaste prisaukar frå leverandørane, har vi fått kraftige kostnadsaukar for butikkane. Lønnsemda vår går ned i 2022, seier kommunikasjonsdirektør Stein Rømmerud i Norgesgruppen, som mellom anna eig Kiwi.

– Vi har ikkje teke ut prisauken i same skala som vi har fått frå leverandørane. I tillegg har vi ekstremt mykje større kostnader på straum og transport som vi ikkje teke ut til fulle, supplerer styreleiar Kjetil Monsen Ebbesberg i Coop Øst.

Publisert: 17.10.2022 10:55

Sist oppdatert: 17.10.2022 10:56