Kort fortalt

Kritisk til plastavfallhandteringa

Berre ti prosent av plasten i verda blir resirkulert.

NPK
03.06.2022

Ei samling forskarar kritiserer no måten plastavfall blir handtert på i Noreg.

– Vi kan ikkje halde fram med å klappe oss på skuldra så lenge vi kjeldesorterer og sender plastavfallet vidare, seier Vilma Havas til NRK.

Ho er forskar ved kunnskapsbedrifta Salt. Nyleg publiserte dei ein artikkel om kva vi veit om resirkulering av plast.

I artikkelen går det fram at rundt 9–10 prosent av all plast i verda blir resirkulert, 12–14 prosent blir brent og dei resterande 76–79 prosentane endar opp på søppelfyllingar eller hamnar i naturen.

Det same seier ei oversikt frå kunnskapssenteret Grid-Arendal.

Sjølv om Noreg betaler ekstra for handtering av plastavfallet i Tyskland, finst det ingen tal på kor mykje faktisk blir resirkulerte til nye materiale der, ifølgje Havas.

Salt foreslår auka fokus på det dei kallar små sirklar. Konseptet går ut på at landa som produserer og bruker mykje plast, også må få på plass betre system for å resirkulere plasten sjølv, gjerne utan at plasten må fraktast over lange distansar.

Publisert: 03.06.2022 10:55

Sist oppdatert: 03.06.2022 10:56

Mer om