Troll A foto Norsk Olje Gass lysere
Foto: Norsk Olje og Gass
Kort fortalt

Krona er styrka mot euroen etter oljeprishopp

Oljeprisen på nesten 110 dollar fatet.

18.03.2026

(NPK-NTB): Etter hopp i både olje- og gassprisen styrkjer den norske krona seg opp imot euroen.

Oljeprisen ligg akkurat no på nesten 109 dollar fatet, kraftig opp frå 100 dollar tidleg onsdag. 

Oppgangen kjem etter meldingar om eit angrep på Irans viktige gassfelt South Pars og truslar frå Iran om at dei òg vil angripa energiinfrastruktur, skriv E24.

Tidlegare onsdag låg krona under 11 mot euro for første gong sidan mars 2023. Sidan har prisen stige på euro stige til over 11 kroner.

Før nyttår låg euroen på 11,84 kroner.

(©NPK)

Publisert: 18.03.2026 17:13

Sist oppdatert: 18.03.2026 17:13