Kort fortalt

Krona svekkjer seg kraftig

Ekspertane trur på utsett rentekutt.

08.04.2025

(NPK-NTB): Den norske krona har svekt seg mykje dei siste dagane, noko som kan motverka tidlege rentekutt, ifølgje fleire økonomar.

– Kronekursen ligg ganske mykje svakare enn Noregs Banks prognosar akkurat no. Det er eit såpass stort utslag at det på sikt kan få konsekvensar for inflasjonen her heime dersom det blir varig, seier sjeføkonom Marius Gonsholt Hov i Handelsbanken til E24.

– Noregs Bank må ta omsyn til at inflasjonen framleis er for høg. Dette gir oss i alle fall ikkje noko tidlegare rentekutt, legg han til.

Handelsbanken ventar at renta først blir senka i september, trass i global uvisse.

Tysdag ettermiddag var euroen oppe i vel 12 kroner for første gong sidan i haust. På same tidspunkt blir dollaren handla til rundt 11 kroner. 100 svenske kroner er tysdag ettermiddag 109 norske kroner.

Nordea Markets peikar på at svak krone kan auka inflasjonen, som kan halda renta oppe – og det ei god stund.

– Me trur ikkje det blir noko rentekutt i september, slik som dagens rentebane legg opp til. Krona kan trekkja opp prisveksten, og eksportsektoren kan dra opp den økonomiske veksten fordi han tener på ei svekt krone, seier makro- og valutastrateg Sara Midtgaard.

(©NTB)

Publisert: 08.04.2025 17:55

Sist oppdatert: 08.04.2025 17:55

Mer om