Bestanden av sjøfuglen krykkje er meir enn halvert på 30 år. Sjøfuglen har no status som sterkt trua på den norske raudlista.
Klassekampen skriv at bestanden av fuglen i måkefamilien er redusert med 60 til 80 prosent langs kysten av Noreg. Sjøfuglen trekkjer mot land og lagar fuglefjell i gamle hus.
Det er både eit teikn på at han er trua ved at mattilgangen til sjøs er dårleg, men også ei mogleg redning for fuglen, seier Signe Christensen-Dalsgaard ved Norsk institutt for naturforsking.
– Det at krykkja oppsøkjer menneske og etablerer seg i urbane strøk, kan vere med på å redde heile bestanden. Forskinga vår viser at desse byfuglane klarer seg betre enn i dei tradisjonelle krykkjekoloniane, seier ho.
Det blir no jobba med å setje opp eit fuglehotell på Røros, og forskaren ber folk ta vare på krykkja der den måtte slå seg ned.
– Det er ikkje krykkje som er aggressiv og stuper ned etter pølsebrødet ditt. Slikt er det stormåse og fiskemåke som gjer, seier Nina-forskaren.
Publisert: 27.04.2021 08:01
Sist oppdatert: 27.04.2021 08:02