Kort fortalt
Kulturlandskapspris til Norddal
Heidra av statsforvaltaren.
11.10.2021
(NPK): Bygda Norddal og Herdalen har fått Kulturlandskapsprisen 2021 frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Kulturlandskapsprisen vert delt ut kvart år av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og Bygde-Noreg.
– Dei har eit fantastisk heilskapleg kulturlandskap og det er svært godt bevart, seier statsforvaltar Else-May Norderhus til NRK om Norddal og Herdalen.
(©NPK)
Publisert: 11.10.2021 12:57
Sist oppdatert: 11.10.2021 12:58