(NPK): Jakob Brattli Sørensen (25) frå Bodø har starta selskapet Eagle AI, som nyttar kunstig intelligens og satellittar for å hjelpe fiskarar med å finne fisk,
Teknologien kan redusere drivstoffbruk og gjere det mogleg for fiskarar å fiske opp kvotane sine raskare, skriv NRK.
– Vi bruker maskinlæring. Vi har trena opp ein modell basert på all fangst-, temperatur- og posisjonsdata frå dei siste fem åra. Med det kan vi forstå oss på fisken på ein heilt ny måte, seier Sørensen.
Systemet blei testa for første gong under skreifisket i 2024, der båtane som nytta teknologien aktivt oppnådde nokre av sine beste resultat på mange år.
Både forskar Maria Tenningen ved Havforskingsinstituttet og marinbiolog Fredrik Myhre i WWF Verdens naturfond ser positivt på prosjektet, men understrekar kor viktig god fiskeriforvalting og miljøomsyn er.
Eagle AI har teke imot økonomisk støtte frå fleire kjelder, inkludert Innovasjon Noreg, og har som mål å få betalande kundar i løpet av året.
(©NPK)
Publisert: 24.02.2025 12:10
Sist oppdatert: 24.02.2025 12:10