Kort fortalt

Kunstig intelligens kan vise potensialet for solenergi

Snart kan du liggje på sofaen og sjå kvar på eigedommen din det er sol til ulike tider av døgnet og året. Du kan også vurdere potensialet for solenergi.

NPK
01.12.2023

I eit nytt innovasjonsprosjekt skal Aither og Norce utvikle eit interaktivt soldiagram av eit bilete for å illustrere korleis sola kastar lys og skyggjer til ulike tider på døgnet og året. Formålet er å gi ei visuell forståing av solforløpet og potensialet for utnytting av solenergi.

Sjå for eksempel føre deg at du har kjøpt ei tomt og skal byggje hus på tomta, men du er usikker på akkurat kvar på tomta du bør bygge. Med den nye teknologien vil du kunne sjå på bildet av tomta kvar solforholda vil vere ulike stader, sånn at du lettare kan velje den beste plasseringa for huset ditt.

Teknologien er nyttig for privatpersonar, men også for utbyggjarar og arkitektar når dei skal planleggje bustadområde eller kvar det er best å plassere solcellepanel. Fleire privatpersonar og organisasjonar kan dermed oppmuntrast til å investere i solenergi, noko som bidreg til å redusere klimagassutslepp. Fornybare energiselskap kan bruke løysinga for å identifisere potensielle stader for solenergianlegg.

Publisert: 01.12.2023 12:18

Sist oppdatert: 01.12.2023 12:18