Kort fortalt

Kutt i støtta til landbruksorganisasjonar

Over 30 organisasjonar vert råka.

19.10.2016
(NPK-NTB): Landbruksdepartementet planlegg å kutte ut ei ordning med grunnstøtte til landbruksorganisasjonar. Meir enn 30 organisasjonar vil bli råka, blant anna Norges Bygdeungdomslag.
Den aktuelle støtta er såkalla «grunnstøtte», som er frie middel organisasjonane kan disponere slik dei vil. I fjor utgjorde støtta 34,5 millionar, til neste år er det lagt opp til løyvingar på 29,5 millionar, ifølgje . Men regjeringa går inn for at støtta blir fjerna frå 2018 og at ein går over til ei ordning der organisasjonane må søke om pengar til spesifikke prosjekt.
Leiaren for Stortingets næringskomité, Geir Pollestad (Sp), meiner grepet frå departementet har ein politisk karakter.
– Eg meiner dette er det første steget mot å avvikle støtta til organisasjonar med eit landbruks- og distriktsperspektiv, seier han.
Blant organisasjonane som tek imot støtta er relativt store organisasjonar som Natur og Ungdom, Norges Bygdeungdomslag og Dyrevernalliansen, og mindre organisasjonar som Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk, Hageselskapet, Spire og Kvinner i skogbruket. (©NPK)

Publisert: 19.10.2016 07:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44