(NPK-NTB): Regjeringa vil kutte produksjonstilskotet til avisene med 10 millionar kroner neste år.
I framlegget til statsbudsjett for 2017 foreslår regjeringa eit samla produksjonstilskot på 303 millionar kroner, mot vel 313 millionar kroner i år.
Samtidig vil regjeringa auke tilskotet til medieforsking og etterutdanning med snautt 400.000 kroner til 22,1 millionar kroner, går det fram av budsjettframlegget.
Dei samiske avisene får 27,5 millionar kroner, som er ein liten auke frå i år, mens distribusjonstilskot til avisene i Finnmark blir på drygt 2 millionar kroner. (©NPK)

Publisert: 06.10.2016 11:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44