Kort fortalt

Kuttar i rekekvoten

Noreg og EU samde.

23.03.2021

Noreg og EU er samd om ein rekekvote på 7.166 tonn i Skagerrak og Nordsjøen for 2021. Det er eit kutt på 18 prosent frå fjoråret.

I fjor vart Noreg og EU samd om ein kvote på 8.736 tonn, som i seg sjølv var ein auke på 42 prosent frå 2019. I år skal det takast opp 1.570 tonn mindre enn i 2020.

– Eg er glad for at Noreg og EU har vorte samde om ein endeleg kvote for reker for 2021, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Kvoten er i tråd med den felles forvaltningsplanen mellom Noreg og EU, og rådet frå Det internasjonale rådet for havforsking, opplyser regjeringa. Forvaltningsplanen skal reviderast i 2022.

Publisert: 23.03.2021 16:53

Sist oppdatert: 23.03.2021 16:54