NPK-NTB: Regjeringa foreslår å redusere momsen på vatn og avløp-avgift frå 25 til 15 prosent frå 1. mai neste år. Dette vil bety fire milliardar i avgiftsslette.
Ein slik reduksjon vil gi ein ekstra kostnad for staten på fire milliardar kroner i året.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier til VG at grepet er medvite for å treffe alle.
– Det vil gi lågare rekningar til alle. Ei slik avgiftsslette kan ikkje ende i lomma til nokon andre, seier Vedum.
Publisert: 04.10.2024 07:07
Sist oppdatert: 06.10.2024 18:20