(NPK): Den 7. september vert kvalfangsten stoppa. Verken flåten eller kjøparane er interesserte i å fortsetje sesongen, skriv Fiskeribladet Fiskaren.
Per veke 34 var det landa 590 vågekval totalt. Til same tid i fjor var det landa 658 dyr. Det endelege fangsttalet enda på 660 dyr.
Onsdag 7. september er det stopp i fisket etter vågekval.
– Stoppen kjem fordi verken kvalfangarane eller mottaka har interesse for å halde fram, opplyser seniorrådgjevar Hild Ynnesdal i Fiskeridirektoratet.
I fjor vart sesongen stoppa 28. september.
– Sesongen har vore dårleg, og det er ein ytterlegare nedgang i talet på dyr frå i fjor. I Vestfjorden har det vore fritt for kval, det har vore laber aktivitet og vanskeleg å få levert kvalkjøt, seier leiar i Småhvalfangerlaget, Truls Soløy til FBFI.
20 fartøy fekk løyve til å jakte kval i år, medan 16 fartøy deltok. I fjor var 21 fartøy i aktivitet.
Medan tilgangen på kval langs kysten har vore dårleg og kvalfangarane har vore hemma av mykje dårleg vêr – har det vore nokså god tilgang på kval ved Bjørnøya og Spitsbergen. (©NPK)

Publisert: 06.09.2016 15:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44