Kort fortalt

Kvar tiande på uføretrygd

348.800 uføre i tredje kvartal.

08.11.2019
NPK-NTB: Kvar tiande vaksne her i landet får uføretrygd, viser nye Nav-tal. Delen er uendra frå førre kvartal.
Sjølv om prosentdelen på 10,2 prosent er uendra etter tredje kvartal, er det no 2.000 fleire som får uføretrygd enn i andre kvartal.
Ved utgangen av september var det i alt 348.800 mottakarar.
Tre firedelar av desse fekk arbeidsavklaringspengar før dei gjekk over på uføretrygd, opplyser Nav. I alle aldersgrupper mellom 30 og 67 år er det fleire kvinner enn menn. For første gong er det i år like mange kvinner som menn i gruppa 25 til 29 år.
Nye tyder på at til saman 351.500 vil få denne trygda ved slutten av året. I 2020 ventar Nav ein svakare vekst og reknar med rundt 360.000 mottakarar ved utgangen av 2020.

Publisert: 08.11.2019 12:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32