Kort fortalt

Kvar tredje forskar er innvandrar

Dei fleste kjem frå Europa.

NPK
06.03.2023

(NPK): Innvandrarar utgjorde 32 prosent av forskarar og fagleg personale i akademia i 2021. Dei fleste hadde bakgrunn frå Europa, medan nesten ein av fire hadde bakgrunn frå Asia.

Forskarar og fagleg personale i akademia, frå no av kalla forskarar, bestod av omtrent 39.300 personar i 2021. Blant desse var nesten 12.750 personar innvandrarar (32 prosent), medan rundt 270 personar var norskfødde med innvandrarforeldre (0,7 prosent). Samanlikna med andre populasjonsgrupper er norskfødde med innvandrarforeldre underrepresenterte blant forskarane, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Ein høgare del norskfødde med innvandrarforeldre, både i befolkninga og særleg blant studentane, gir grunn til å tru at denne gruppa vil utgjere ein større del av forskarpopulasjonen på sikt, seier Erik Fjærli, seksjonssjef for FoU, innovasjon og utviklinga til næringslivet.

Blant innvandrarane og norskfødde med innvandrarforeldre hadde over 60 prosent av forskarane bakgrunn frå Europa, der Tyskland og Sverige var blant dei største landa i 2021.

24 prosent av forskarane med innvandringsbakgrunn kom frå Asia. Blant dei største landa her finn vi Kina, India og Iran. Ser vi på gruppa norskfødde med innvandrarforeldre separat, hadde over halvparten bakgrunn frå Asia.

Forskarar innan naturvitskap og teknologi hadde den høgaste andelen innvandrarar i 2021. Her var nesten halvparten (49 prosent) innvandrarar. Innanfor humaniora og samfunnsvitskap og medisin og helsefag, hadde omtrent kvar fjerde forskar innvandringsbakgrunn.

(©NPK)

Publisert: 06.03.2023 10:11

Sist oppdatert: 06.03.2023 10:12

Mer om