Kort fortalt

Kvart 3. settefiskanlegg ikkje kontrollert

SV vil ha kontrollsak.

11.09.2023

(NPK-NTB): SVs nestleiar vil ha kontrollsak på Stortinget etter at Dagens Næringsliv har avslørt at kvart tredje setjefiskanlegg aldri er kontrollert av styresmaktene.

– Det er eigentleg sjokkerande at det går så lang tid. Det er eit sjokk. Her må ein berre gå i saumane der det er skjedd feil, seier SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes til avisa.

Avisa har granska om lag 230 setjefiskanlegg, anlegg som produserer smolt for dei store oppdrettsanlegga. Avisa skriv at avfallet frå produksjonen ofte blir spylt ut i fjorden.

Kvart tredje anlegg er aldri kontrollert, medan 70 prosent av dei som er kontrollerte, berre har vorte det éin gong.

– Det oser kontrollsak lang veg, der Stortinget bør finne ut kvifor lovar som ser greie ut på overflata, ikkje når ned på havbotnen. For meg verkar det som eit katastrofalt mysterium, seier Fylkesnes.

Statssekretær Kjersti Bjørnstad (Sp) seier at klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) skal ta initiativ til eit møte med representantar for næringa saman med fiskeriministeren.

(©NPK)

Publisert: 11.09.2023 08:40

Sist oppdatert: 11.09.2023 08:55

Mer om