Kort fortalt

Kvart milliard i minus for Hurtigruten

Men passasjerane er på veg tilbake.

29.11.2022

(NPK-NTB): Hurtigruta fekk eit negativt resultat før skatt på over ein kvart milliard kroner i tredje kvartal, skriv E24.

Resultatet før skatt var på minus 25,9 millionar euro, ifølgje kvartalsrekneskapen. Det svarer til rundt 268 millionar norske kroner. Same kvartal året før var tapet på 66,3 millionar euro.

Dei ni første månadene i år er underskotet på 129 millionar euro, eller 1,3 milliardar kroner.

Selskapet hadde ei omsetning i tredje kvartal på 195 millionar euro, mot 49 millionar euro i same periode i fjor.

Hurtigruta er optimistiske for 2023, fordi bestillingane no strøymer inn, ifølgje nettavisa.

(©NPK)

Publisert: 29.11.2022 21:48

Sist oppdatert: 29.11.2022 21:49

Mer om