Kvinner er best på bruktbil
Kvinner er betre enn menn til å bruke både tilstandsrapport og kontrakt før dei kjøper bruktbil, meiner Forbrukarrådet.
– Kvinner er også oftare fornøgde med bruktbilkjøpa sine, seier juridisk seniorrådgivar Thomas Iversen i Forbrukarrådet.
Undersøkinga, som tek for seg bruktbilkjøp dei siste to åra, viser at 84 prosent av kjøparane skreiv kontrakt med seljar, men berre 56 prosent fekk med tilstandsrapport.
Den viser også at 11 prosent av mennene kjøpte bruktbil utan kjøpekontrakt, medan 10 prosent av kvinnene gjorde det same. 44 prosent av mennene kjøpte bruktbil utan tilstandsrapport, medan talet for kvinner er 22 prosent.
Forbrukarrådet får årleg over 5.000 spørsmål om bruktbil. Mange av problema folk opplever, kunne vore unngått dersom avtalepartane hadde skrive kontrakt og brukt tilstandsrapport, ifølgje Forbrukarrådet.
Publisert: 17.11.2022 10:21
Sist oppdatert: 17.11.2022 10:22