NPK-NTB: Kvinner tener i snitt berre 88 prosent av det menn gjer. Lønnsgapet er snevra inn med 2 prosentpoeng på ti år. LO fryktar motsett utvikling i oppgangstider.
Før lønnsoppgjeret i vår kjem LO med ei tariffpolitisk fråsegn, der organisasjonen ifølgje slår fast at det er meir krevande å få resultat i fordelingspolitikken i oppgangstider, når rommet for lønnsvekst er høgare.
– Erfaringsmessig spring då mannsdominerte grupper i toppen ifrå, heiter det.
– I nokre område med mange menn blir oppgangstider utnytta til store individuelle tillegg, medan yrke med mange kvinner ikkje får det same, seier sjeføkonom Roger Bjørnstad i LO.
Kjersti Misje Østbakken ved Institutt for samfunnsforskning har forska på lønnsskilnader mellom kvinner og menn.
– Viss eg skal gjette på kva som kjem til å skje, så er det likevel ikkje sikkert at lønnsskilnaden vil auke. Det er meir realistisk at dei vil minke i ei lågare takt enn dei elles ville gjort, seier ho.
For rundt halve lønnsskilnaden mellom kjønn har ein ikkje klart å finne anna forklaring enn at kvinner er kvinner og menn er menn.

Publisert: 06.03.2019 08:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35