Kviterussland-boikott
Lerøy stansar alt sal av fisk til Kviterussland
– Det byggjer på ei heilskapsvurdering av situasjonen, seier samfunnskontakt Krister Hoaas i Lerøy til nettavisa ilaks.
Han seier selskapet stansa salet av fisk til Kviterussland førre veke. Det dreier seg om laks og aure, men han vil ikkje oppgi volum. Han seier det er umogleg å seie noko om kor lenge eksportstansen vil vare.
– I tillegg til våre eigne vurderingar, held vi oss til nasjonale og internasjonale lover og reglar, under dette sanksjonar godkjende av den norske regjeringa.
Ifølgje Noregs sjømatråd importerte Kviterussland norsk sjømat for 1,1 milliardar kroner i 2021. Landet har i sju år utgjorde eit smotthol i importforbodet til Russland. Eit avgrensa volum fiskeprodukt kan foredlast og deretter videreeksporteres inn i den russiske marknaden.
(©NPK)
Publisert: 01.03.2022 07:55
Sist oppdatert: 01.03.2022 08:40