Kyrkja ut av olje
Den norske kyrkja vil kutte oljeinvesteringar.
Kyrkjerådet har vedteke at Den norske kyrkja skal flytte investeringane sine ut av fossil energi, melder Vårt Land. Målet er å vere heilt fossilfri innan 2023.
På kyrkjerådsmøtet fredag vart det bestemt at Kyrkja skal byrje ei gradvis utfasing der dei er fossilfrie innan 2023 og seinast innan utgangen av året etter, melder Vårt Land.
Samtidig skriv Den norske kyrkja at det kan gjerast unntak for selskap som er i ein «overgangsfase til fornybar energi som reelt beveger seg i riktig retning».
Den norske kyrkja hadde 3 millionar kroner investert i fossil energi i 2021, viser fondsinvesteringar frå dette året, ifølgje Vårt Land. Beløpet er truleg noko høgare i dag. Pengane var plasserte i fond med aksjar i Aker BP, Equinor, Subsea 7, Aker og Northern Rig Holding.
Totalt har Den norske kyrkja 264 millionar kroner investert i ulike fond.
Publisert: 25.03.2022 12:50
Sist oppdatert: 25.03.2022 12:51