(NPK-NTB): Både Kystruten og Hurtigruten innstiller fleire avgangar dei kommande dagane på grunn av dårleg vêr.
For Kystruten gjeld det Havila Pollux, som har avlyst alle anløp mellom Trondheim og Bergen, og tilbake til Trondheim mellom 15. og 18. november, skriv NRK.
For Hurtigruten gjeld desse:
*MS Trollfjord kansellerer alle hamner i Vesterålen og mellom Trondheim-Bergen-Trondheim 16.–19. november 2024
*MS Vesterålen, nordgåande segling – kansellerer alle hamner mellom Bergen og Trondheim 15.-17.11.24
*MS Vesterålen, sørgåande segling – kansellerer alle hamner mellom Nesna og Bergen 13.-15.11.24
*MS Polarlys kansellerer alle anløp på strekninga Tromsø-Kirkenes-Havøysund 13.–16. november
(©NPK)
Publisert: 14.11.2024 19:32
Sist oppdatert: 14.11.2024 19:32