Kystvakta fekk meir å gjere
3.094 oppdrag i 2021.
Kystvakta hadde merkbart meir i gjere i fjor enn året før. Medan talet på oppdrag i 2020 var 2.757, var talet i fjor 3.094.
Kystvakta deltok i 137 søk- og redningsoperasjonar, og gjennomførte 157 slep i fjor. I 2020 var tilsvarande oppdrag 164 søk- og redningsaksjonar, og 177 slep.
– Kystvakta har levert svært godt på oppgåvene sine og oppdrag i 2021 sjølv om året har vore prega av utfordringar med koronapandemien, seier sjef for Kystvakta, flaggkommandør Oliver Berdal.
I 2021 vart det gjennomført 1.087 fiskeriinspeksjonar. Inspeksjonane resulterte i 81 åtvaringar og 45 meldingar. I 2020 vart det gjennomført 1.155 fiskeriinspeksjonar, og 200 førte til reaksjonar.
– Det første av tre nye fartøy i «Jan Mayen-»klassen» blir overtekne og sette i drift mot utgangen av inneverande år. Dei nye fartøya er vesentleg større og meir kapable enn fartøya i Nordkapp-klassen som dei erstattar, og vil innebere eit stort løft for Kystvakta, seier flaggkommandør Oliver Berdal.
Publisert: 03.02.2022 10:20
Sist oppdatert: 03.02.2022 10:21