Susanne myklebust foto mr fylke 11
KOMMUNAL LÆRLING: Susanne Myklebust er lærling ved it-avdelinga i Ålesund kommune. Foto: Jon Åge Giske Andersen
Kort fortalt

Kåra til årets lærling på Sunnmøre

It-lærling i Ålesund kommune.

Marius Rosbach
07.02.2023
Susanne Myklebust er kåra til årets lærling for 2022 av Sunnmøre Kommunale Opplæringskontor.

Det kjem fram i ei melding frå Ålesund, der Myklebust har vore lærling ved it-avdelinga til kommunen.

I grunngivinga frå opplæringskontoret blir ho omtala som ein lojal, ærleg og pliktoppfyllande lærling som frå første stund har vist stor interesse og forståing for både arbeidet og faget.

- Ho er strukturert, har god orden, samt ein svært god progresjon i det teoretiske arbeidet med kompetansemåla i læreplanen, heiter det.

Myklebust fortel at ho har veldig varierte oppgåver i løpet av ei arbeidsveke. Jobben består av alt frå å vere telefonvakt, til å hjelpe folk i heile kommuneorganisasjonen med ulike it-problem.

Publisert: 07.02.2023 09:14

Sist oppdatert: 07.02.2023 09:18

Mer om