Kort fortalt
Lågaste prisvekst på tre år
2,6 prosent prisvekst siste 12 månadar.
10.07.2024
NPK-NTB: Prisveksten (KPI) det siste året her i landet var 2,6 prosent, viser SSBs tal for juni. Ikkje sidan 2021 har prisveksten på eitt år vore like låg.
Frå mai til juni steig prisane med 0,2 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
– Prisveksten har dempa seg kvar månad i eit halvt år no. Tolvmånadersveksten i juni er den lågaste vi har sett på over tre år, seier seksjonssjef i Espen Kristiansen i SSB.
Publisert: 10.07.2024 14:56
Sist oppdatert: 10.07.2024 14:56