Kort fortalt

Løysing for øyfolket i Sande

Tre reiarlag samarbeider.

Marius Rosbach
16.01.2024

Fortvilelsen har vore stor på øyane i Sande som følgje av stopp i ferjesambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya sidan natt til måndag.

Spesielt har næringslivet blitt råka når dei ikkje får frakte varer med ferja, medan passasjerar kan reise med ein mindre båt.

Reserveferja, MF Kvam, hadde ein samanstøyt med ferjekaia på Kvamsøya natt til måndag. Samtidig er hovudferja MF Os ute av drift med tekniske problem.

Etter halvanna døgn melder kollektivselskapet Fram at dei har funne ei løysing ved at tre reiarlaget samarbeider.

Torghatten Nord låner ut Ferja MF Haram til Norled og denne vil gå i sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya.

Vidare skal Fjord1 låne ut MF Aukra til Torghatten Nord og denne ferja vil gå i sambandet Brattvåg–Dryna.

– Reiarlaga har vist stor fleksibilitet og samarbeidsvilje, og det er vi i FRAM veldig fornøgde med, uttaler Hilde Johanne Svendsen, seksjonsleiar for drift i FRAM.

Publisert: 16.01.2024 19:18

Sist oppdatert: 16.01.2024 19:18

Mer om