Kort fortalt

Løyver pengar til ungdomsfiske

Regjeringa gir 2 millionar kroner til ungdomsfiske.

16.01.2023

Regjeringa lyser ut 2 millionar kroner til kommunar som legg til rette for at ungdom mellom 12 og 25 år kan hauste erfaringar frå fiskaryrket.

Norske kommunar kan søkje om tilskot på opp til 200.000 kroner til ungdomsfiskeprosjekt for sommaren 2023.

– Eg har møtt mange gutar og jenter som drøymer om å bli fiskar og leve av havet ein dag. No får dei høve til å prøve ut draumen, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) i ei pressemelding.

Fristen for å søkje er 28. februar.

I fjor fekk 112 ungdommar, i sju kommunar, sommarjobb som fiskar via dei kommunale prosjekta. Det var første året ordninga vart prøvd ut.

Publisert: 16.01.2023 08:38

Sist oppdatert: 16.01.2023 08:39