NPK-NTB: Statsminister Erna Solberg (H) la onsdag ned grunnsteinen for administrasjonsbygget til Equinors anlegg for mottak og mellomlagring av CO2 i Øygarden.
Mottaksanlegget Northern Lights omfattar transport, mottak og permanent lagring av CO2 i eit geologisk reservoar i den nordlege delen av Nordsjøen, opplyser Equinor.
Mottaksanlegget inngår i det nasjonale prosjektet Langskip, som omfattar heile verdikjeda for storskala fangst, mellomlagring, transport og deponering av CO2.
– Det er ingen løyndom at kampen mot klimaendringane vil krevje mykje av oss. Det kostar å kutte utslepp, og det er anslått at staten kjem til å bruke nærare 17 milliardar kroner på det arbeidet som er sett i gang med Langskip. Det er ei enorm investering, men det vil koste endå meir om vi ikkje gjer det, sa statsministeren.
Publisert: 26.05.2021 12:51
Sist oppdatert: 26.05.2021 12:58