Kort fortalt

Lagar "Silicon Valley" for laks

Store planar for lakseoppdrett på Island.

24.02.2022

NPK

På Island er fleire selskap i gang med å utvikle eit «Silicon Valley» for landbasert oppdrett av laks, der utnytting av lavafiltrert grunnvatn og varme kjelder er ein nøkkelfaktor.

Minst fire oppdrettsselskap har no planar om å etablere store landbaserte oppdrettsanlegg i området ved Thorlakshofn hamn på sørsida av Reykjanes, skriv bransjeavisa Ilaks.no.

Kvart av anlegga får ein produksjonskapasitet på rundt 20.000 tonn laks og vil koste rundt tre milliardar kroner å byggje. Det siste skotet på stammen, selskapet Geo Salmo, har no lagt fram planar om eit gjennomstrøymingsanlegg med ein produksjonskapasitet på 32.000 tonn laks.

Dagleg leiar Jens Thordarson i Geo Salmo seier til Ilaks.no at selskapet skal utnytte reint, lavafiltrert grunnvatn og geotermisk oppvarma grunnvatn til å skape gode vassforhold for laksen. Slik skal islendingane kunne lage eit produkt av høg kvalitet med nokså låge driftskostnader.

– Vi bør kunne sikte mot oppdrettsfisk av høgaste kvalitet. Det bør også vere svært miljøvennleg, då vi skal bruke rein energi og berekraftige vasskjelder. Vi er også veldig opptekne av å sørgje for å generere minimalt med avfall og skape meirverdi av det som normalt ville vore kasta, seier Thordarson.

Geo Salmo håpar å kunne starte bygginga neste år, og reknar då med å kunne hauste den første fisken i 2025.

Frå før driv selskapa Ísþór, Laxi, Landeldi og Samherji storstilt oppdrett av smolt i regionen, og området blir no raskt forma som den islandske lakseekvivalenten til Silicon Valley, skriv avisa.

(©NPK)

Publisert: 24.02.2022 10:14

Sist oppdatert: 24.02.2022 10:15

Mer om