Kort fortalt
Lakseprisane opp før jul
Over 90 kroner kiloen.
29.12.2023
NPK-NTB: Eksportprisen for fersk laks auka med 3,7 prosent i årets nest siste veke, til 91,03 kroner kiloen. Samtidig gjekk eksportvolumet ned.
I veke 51 enda eksportvolumet på fersk laks på 18.480 tonn – ein nedgang på 24,7 prosent samanlikna med veka før. Det viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB ).
For frosen laks var eksportprisen 99,84 kroner per kilo, medan volumet låg på 283 tonn.
Det er ikkje uvanleg at prisar og nettovekt varierer mykje i løpet av jule- og nyttårshelga. I veke 51 i fjor gjekk eksportprisen på fersk laks ned med 3,4 prosent, og eksportvolumet enda på 24,4 prosent mindre enn i veka før.
Publisert: 29.12.2023 09:16
Sist oppdatert: 29.12.2023 09:16