Kort fortalt

Lakseprisen opp - fraktprisen dobla

Transportproblem for sjømat.

NPK
30.03.2022
(NPK): I veke 12 gjekk eksportprisen på laks opp med 6,7 prosent samanlikna med veka før. Samtidig slit næringa med auka fraktkostnader.


Eksportprisen for fersk laks var 83,53 kroner per kilo førre veke, og tok seg dermed opp frå veka før då det var ein nedgang på 5,9 prosent, viser tal frå SSB.

Det vart eksportert 17.129 fersk laks i veke 12, 1,1 prosent mindre enn veka før. I tillegg vart det eksportert 397 tonn frosen laks.

Krigen i Ukraina har ført til problem for lakseeksporten, særleg til Asia. Flyforbod over Ukraina fører til lengre veg, og det er færre fly i lufta.

Administrerande direktør i Ocean Supreme, Botholf Stolt-Nielsen, seier til NRK at prisen på frakt av laks er dobla.

– Spørsmålet er kor langvarig dette blir, om det blir ein permanent situasjon, eller om det blir for ein periode, seier Stolt-Nielsen.

(©NPK)

Publisert: 30.03.2022 10:49

Sist oppdatert: 30.03.2022 10:52

Mer om