Kort fortalt

Lakseprisen stig vidare

Markant auke i eksportprisen for fersk laks.

23.02.2022

I veke 7 var eksportprisen for fersk laks 87,60 kroner per kilo, ein auke på 13 prosent frå veka før.

Det viser tal frå SSB onsdag.

Ifølgje E24 er det ny rekord, og lakseprisen er no 72 prosent høgare enn på same tid i fjor. Den førre rekorden lydde på 78,20 kroner per kilo, og vart nådd i veke 1 i 2020.

Samtidig var eksportkvantumet på fersk laks i veke 7 på 17.933 tonn. Det er ein auke på 1,4 prosent samanlikna med veka før, då volumet var på 17.680 tonn.

I veke 7 vart det òg eksportert 428 tonn frosen fisk, til ein pris på 70,36 kroner per kilo.

Publisert: 23.02.2022 10:17

Sist oppdatert: 23.02.2022 10:18

Mer om