Kort fortalt

Lakseskatt skal finansiere gratis ferjer

Fire nye ferjesamband i Møre og Romsdal blir gratis.

Linn Antonie Vårdal Solheim
04.07.2023

Fire nye ferjesamband blir gratis i Møre og Romsdal frå 16. august.

Desse er:

  • Edøya–Sandvika
  • Solholmen–Mordalsvågen
  • Aukra–Hollingsholmen
  • Brattvåg–Dryna

I tillegg reduserer fylkeskommunen ferjetakstane på alle sambanda i fylket.

Lakseskatt finansierer gildet
I juni vedtok fylkestinget å bruke dei auka inntektene i rammeoverføringar frå staten, eller nytte inntekter frå havbruksskatt og det nyoppretta havbruksfondet til regjeringa.

Fylkeskommunedirektøren foreslo først å auke ferjetakstane for å oppretthalde ferjetilbodet i fylket i saka «Omstilling 2024», men forsamlinga landa altså på eit vedtak i ei heilt anna retning.

I samsvar med budsjettvedtak i Stortinget i 2022 blir altså no ferjetakstane reduserte med 28,57 prosent (før avrunding til næraste krone). Etter denne reduksjonen er takstane på 50 prosent av takstnivået som var gjeldande 1. januar 2021. Dette gjeld alle ferjer som får offentlege tilskot.

Publisert: 04.07.2023 13:41

Sist oppdatert: 04.07.2023 13:41