Lakseskatten vedtatt i Stortinget
Raudt støtta regjeringa.
Stortinget vedtok onsdag grunnrenteskatt for oppdrettsbransjen.
Regjeringspartia kom førre veke til semje med Venstre og Pasientfokus om ein skattesats på 25 prosent, men forslaget stod dermed med knappast mogleg fleirtal. Samla har dei fire partia 85 mandat – akkurat nok til å sikre fleirtal i Stortinget.
Tysdag varsla Raudt, som har åtte stortingsrepresentantar, at dei ville stemme subsidiært for forslaget for å sikre at det ikkje skulle skje noko som vippa fleirtalet i siste sving.
– Det er historisk viktig at Stortinget innfører ein grunnrenteskatt på oppdrett. Raudt ønskjer ein høgare skattesats på superprofitten i oppdrettsnæringa, men støttar subsidiært forliket som ligg på bordet, sa partileiar Bjørnar Moxnes til NTB tysdag.
SV har varsla at dei vil ha omkamp om lakseskatten under statsbudsjettforhandlingane til hausten.
Høgre og Frp er også mot skattemodellen fleirtalet no går inn for. Høgres Helge Orten gjentok under debatten i Stortinget at «det vil være et poeng for oss å senke skatten ytterligere», og at dei vil vurdere andre modellar viss dei kjem til makta.
Publisert: 31.05.2023 16:35
Sist oppdatert: 31.05.2023 17:14